AK Glück-Teigland

AK Glück-Teigland

Eg heiter Arne-Kristian Glück-Teigland, blant vener berre AK. Eg er oppvaksen på gard i Øystese i Hardanger. Fekk tidleg interesse for friluftsliv gjennom turar med far min i dongeribukse og hogststøvlar og speidaren kor me lærte å sova i våte soveposar. Vart også kulturelt oppvaksen på hard rock gjennom tøffe bønder i grannelaget. Eg likar å slita og grava djupt.


Å dra pulk har noko kunstnerisk vakkert ved seg og både rokkar og rockar djupt inn i sjela
Det er ingenting som er så godt som å gå fort på ski lenge utan å verta trøytt. Naturen er flott, men endå vakrare om ein er litt sliten. Naturen representerer den beste arenaen for rørsleglede.

 

Eg er drivar av Fagerheim fjellstove på Hardangervidda. Dette er staden på vidda kor aust møter vest. Gamle ferdselssleper går regelrett gjennom tunet her. Me ynskjer her å tilby ein arena for det enkle friluftslivet og ekte opplevingar i skjeringspunktet natur og kultur. Det er ei rekkje tilskipingar i kjømda og vil trekkja fram Fjellfest 24. – 26. juni og Polarfestival 23. – 25. september. Me har også eit spennande kjøken og kokken og vertinna tryllar fram frekke rettar!

 


Hvordan vil du beskrive deg selv?
Eg er adnig av natur og meiner stabilitet er lik stagnasjon. Eg likar best når det er endring og energi. Det er appellerende med komplekse prosessar som krev litt av ein. Tryggleiken er best når den vert utfordra av litt spaning og uføreseielegheit. Ein lyt gjera ting ein hugsar og vera raus med dei omkring seg. Det beste eg likar er når det er eit felleskap som saman jobbar fram mot eit mål.



Hvordan vil dine venner beskrive deg?

Sta, målmedviten, seig, gjenedig.


Hvem er ditt forbilde?

Eit førebilete kjem i mange variantar. Eg er generelt tiltrekt av menneske som har andre eigenskapar og evner enn meg sjølv. Og særleg om dei er toppa av eit engasjement. Då kan ingen sjå vekk frå dei. Bilmekanikarar, botanikarar


Ditt soundtrack?
Kan byrja med frekk eletronika med sløye beats .


Sommer eller vinter?

Alle årstider har sine særeigne kvalitetar. Eg likar ytterpunkt og brytningspunkt. Vinteren er på sitt vakraste når det er på det kaldaste. Samstundes er skifte til vår vidunderleg. Å springa nærast sprell naken på fjellet sommarsdagen representerer også ein ultimat fridom.


Hvor befinne du deg akkurat nå?

Akkurat no er eg på Fagerheim og steller klart til opning 1. april. Det har vore stengt her i over eit år og det attstår framleis ein del greier før me kliner opp dørane og det skal velta inn med folk som ynskjer rekreasjon på høgfjellet.


Hvor kunne du ønske at du var akkurat nå?

Ingen annan stad. Ein lyt nyta staden ein er på og vera til stades der.


Hva er dine beste turegenskaper?
Eg trur eg er ganske uthaldande og med det har eigenskapen med å nyta naturen lenge om gongen.


Og de verste?
Eg er lite tolmodig med bloggarar som er meir opptekne av jåleri og å syna seg fram enn å vera på tur. 


Er det noen turer som sitter ekstra godt i minnet?
Det er nok i særstilling turar kor me i felleskap har etablert eit mål, jobbar saman suksessivt og får til noko saman. Gutaturane frå vest til aust i 2014, 2017 og 2021 kor me skauv prosjektet framom oss. Å heidra grunnlova, å aktualisera Nansen og hylla Dronning Sonja.

Og ytterpunkta. Dei kalde turane på vidda når du kjenner at det bikkar under 30 kalde i låglendte myrar, samt når ein kan stupa uti eit fjellvatn på langturen. 


Har du kanskje en favorittdestinasjon?
Stølen Kjerringadalen er nok ein arnestad for gode friluftsopplevingar. Ein har gjerne ein kjærleik til det eldsta minna. Elles er Manfjell heime i Hardanger ein stad eg aldri vert lei. Grått, kaldt og karrig fjell med mange gode turminne frå. Og ikkje minst Hallingskarvet – dette beistet mellom aust og vest. Å gå frå Finse til Geilo oppå Skarvet med 78 år gamle menn er ei glede mange burde fått oppleva!

 
Har du en morsom turhistorie å dele, eller går det meste smertefritt på tur? 
Har tallause minne kor alt har gått gale. Solid hybris på Expedition Amundsen i 2013 kor Murphys lov slo til tidleg. Ei hovudlykt som streika førte til feilnavigasjon og fall, knekt pulkdrag og knekt ski under pulken, samt eit stavbrot. Krekte meg i mål med traspa utstyr og brotna sjølvtillit.

 

Har du noen gang vært redd på tur? Hva lærte du i så fall av det?
Eg vert ikkje så lett redd, men vert skjerpa. Det finst alltid ein retrett eller utveg å orientera etter. 

 

Hvor viktig er galgenhumor for deg?
Svart humor, galgenhumor, soger, humør. Alt dette er gode energikjelder!

 

Hvem er sjefen? Du eller naturen?
Det er kjekt å utfordra kreftene og kjenna litt på det, men prinsippet om at naturen vinn alltid står støtt.

Hva er det beste med å vær ute i naturen?
Å lata seg verta fylt opp av natur på tur. Byggja kapasitet, meistra, fryda augo og lekam. Det er eit sanseregister aldri vert fullendt i.

 

Tenker du på miljøet når du ferdes i naturen? Det er mest uråd å lata vera. Men globale og mørke skuggesider får ikkje skygga over det vakre og ljose medan eg er på tur. 


Hva er ditt motto?
Liding fører fram.

 
Hva er turambisjonene for de kommende årene?
Sydpolen 2022 – å fullføra draumen og planane til Nansen frå steinbua på Frans Josefs Land i 1895. Saman med kompis Kjartan bergsvåg skal me skyva historia og vørdnaden for Nansen som historisk karakter framom oss 1140 km til Sydpolen.


Vi må jo bare spørre: Hvorfor velger du ALFA?
Det står for noko ekte og ærleg. Skikkelege greier laga for å vara. Det finst så mykje drit i verda at ein lyt ta i bruk det som funkar. Takk for at de lagar ordentlege produkt.

 
Hva er dine favorittsko fra ALFA?
Alfa Polar. Nokre beist av nokre sko. Se alle våre fjellskisko her.